Årbakka Handelsstad ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden. Ein klassisk vestlandsk landhandel – velstelt og i god stand, med krambu, smie og sjøbu. Den vart etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 vart handelsverksemda flytta opp til hoveudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. Årbakka har også gjestekai med tilgang til vatn og straum, dusj og vaskemaskin.

 Årbakka handelsstad inviterer til sesongopning og marknad 20 Mai.
Program:12:00 Velkomst av dei nye vertaneOpningstale av Torstein Hatlevik. Utstillingsopning 12:00 – 16:00 marknad. I sjøbua og krambua blir det utstilling av 35 kunstnarar i år! Gjestane vil finne både billedkunst, grafikk, maleri, strikk, snikkarkunst, keramikk, glas, feller, kort, smykke, koppar og mykje meir. Me byr også på dei gode Årbakka-vaflane, is, bakst og kaffe.Me sjåast på Årbakka Handelsstad! Helsing frå vertane Lise og Sabine

Handelsstaden

Open butikk i sommarsesongen. Sal av kioskvarer og håndverk frå lokale handverkarar. I smia er det museum av Tysnes Kystlag som viser kystkultur slik det var, og har ei samling av dieselmotorar frå ulike båtar som dei startar til dei som er interessert. Kunstgalleri i sjøbua som har utstilling av lokale kunstnarar. Ny utstilling kvart år.



Vikinggravene på Årbakkavollen

Årbakkavollen er eit fornminne frå eldre jerrnalder (0-550 e.kr.) med restar etter 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar som er mellom 1-3 m høge.

ÅRBAKKA HANDELSSTAD

ÅRBAKKAVEGEN 57

5693 ÅRBAKKA