Bautasteinane på Årbakka er eit gravmonument frå førkristen tid. Bautaer finnest fleire stader i Sunnhordland, men Tysnes har flest av både bautaer og andre referansar til det norrøne. Ty i Tysnes viser til den norrøne krigarguden, og eit eldre namn på øya var Njardarlog; gudane si øy.

Bautasteinane på Årbakka er av fylitt, ein litt roten og laus bergart som sjeldan er å finne som bautasteinar. Men desse steinane, opprinneleg djuphavsavsetningar av leire på havbotnen i Iapetushavet, vart «kokt» og pressa i Den Kaledonske Fjellkjedefaldinga og etterkvart lagt att som berggrunn på Årbakka.

Her har dei tålt tidas tann som oppreiste monument i over 1000 år.    

Tysnes må ha hatt ein sentral posisjon i Sunnhordland utetter middelalderen. Årbakka ligg 6 kilometer frå Onarheim, staden for det kjende Onarheimsgildet frå ca 1300.

«Gilder» var interesseorganisasjonar med næringspolitiske og sosiale funksjonar som Olav Kyrre innførte i landet seint på 1000-talet. Onarheimsgildet sitt merke vart nytta i «gamle» Hordaland sitt fylkesvåpen. 

Ty i Tysnes og Ve i Vevatne (Ve=ein av Odins brødre), Hovland m. fl. viser óg til den førkristne kulturen i Njardarlog. Dét namnet gav dei innvandrande harudane øya i bronsealderen, for å heidre Nerthus, gudinna for grøderikdom. Harudane gav óg opphavet til namnet Hordaland.